Det vert SFO-tilbod dei vekene det er ordinært skuletilbod (måndag - fredag) frå kl. 07.00 og fram til skulestart, og frå skuleslutt og fram til kl. 17.00. Ein vil kartlegge behovet for SFO ved skuleferiar.
Vi har sett som mål å ha lågare betalingssatsar enn kommunen. For skuleåret 2022/2023 vil vi inntil vidare halde på våre tidlegare satsar:
Pris pr. månad: 1 - 3 dagar pr. veke: kr. 1990,- Matpengar kr. 126,- 4 dagar pr. veke: kr. 2500,- Matpengar kr. 126,- 5 dagar pr. veke: kr. 3200,- Matpengar kr. 210,-
Det vert syskjenrabatt med 30 % for barn nr. 2, og 50 % for barn nr. 3 (og fleire).
Ved behov er det høve til å kjøpe enkelttimar. Satsen er kr. 135,- pr. påbyrja time
Fyll inn skjemaet og velg kva tidspunkt de ønskjer SFO.
Merk: Når du har fylt inn opplysningane og trykt "send inn", så vil det kome ei lita stadfesting nederst på skjermen og alle felt vert blanke.