Vi tilbyr ein skulekvardag som legg vekt på praktiske innslag i undervisninga, gjerne i nært samarbeid med lokale krefter.
Vi er eit godt alternativ til den offentlege skulen, tufta på tradisjonelle, kristne verdiar.
Vi nyttar i stor grad uterommet i undervisninga gjennom heile året, organisert både som temaveker, turdagar og prosjektarbeid.
Skulebygninga inneheld alle dei fasilitetar ein ventar å finne på ein god skule. Eit tilhøyrande stort grendahus og gymsal gjev oss god plass til alle aktivitetar vi har inne.
Under Praktisk Info og dei andre sidene i menyen kan de sjå meir om det tilbodet vårt.
Våre kjerneverdiar
Å ta barnet på alvor.
At barnet skal respekterast og lære å respektere andre.
Fokus på å utvikle konsentrasjonsevne, sjølvstende, tru på seg sjølv og tillit til andre.
Stort fokus på samarbeid og samspel.
Å gje elevane individuelle val.
Ein lærar som er tilretteleggar, inspirator og rettleiar.
Godt samarbeid med foreldra er grunnlaget for ein god skule.