Lauvstad / Ulvestad


Ulvestadbygda / Lauvstad ligg vakkert til mellom fjord og fjell på vestsida av Dalsfjorden i Volda kommune. Med tilhøyrande grender har vi omlag 350 innbyggjarar.


Bygda har eit rikt organisasjonsliv med korps, idrettslag, grendahus, kor, allidrett- og turngruppe, trimgrupper og mykje meir.



På fritida føregår det ei rekkje kultur og idretts-aktivitetar i bygningane ved skulen:


  • Bibliotek
  • Allidrett- og turngrupper for barn
  • Kulturskule for gitar, piano og korpsaspirant
  • Korøvingar for born og vaksne
  • Dametrim og herretrim
  • Volleyball
  • Fotball i ballbingen
  • Korpsøvingar og gruppeøvingar.
LApanorama

Det aktive bygdefolket har elles alle dei ulike arrangement som måtte finnast i ei bygd ved skulen. Alt frå korpskafé og 17.mai-feiringar til andre private tilstellingar. Saman med Vesttun er skulebygningane eit komplett kulturhus og grendahus i stadig god utvikling til glede for alle!