- Skuleplass hjå oss er gratis!
- Vi gir gratis skulefrukost kvar morgon (til dei som kjem til skulen før kl. 08.00)
- Leksehjelp vert gitt til 3.-7. trinn.
- Gratis varmt måltid minst ein dag i veka.
- Alle får gratis skulefrukt kvar dag.
- Skuleskyss er gratis om ein bur innan Volda kommune. Andre reglar dersom ein bur utanfor kommunegrensa. Sjå meir info på sida om skuleskyss.
- Ved skuleskyss med ferja har dei oftast oppsyn av vaksne. Ein kan enkelt levere borna på ferjekaia i Volda klokka 07:50. Dei vil då ha tid til å ete frukosten sin ombord.
- Elevar som kjem med buss vert tekne imot av tilsette ved haldeplassen om morgonen, og ein ventar også saman med dei til bussen kjem på ettermiddag.
- SFO er open for alle årstrinn, og har pris etter kommunale satsar.
- Vi har fem dagars skuleveke for alle!
- Alle elevane våre får minst 20 t. symjeundervisning kvart år!
- Skuleruta er den same som for den offentlege skulen.
- Vi har kontinuerleg opptak gjennom heile året. Dette gjeld både søknader om overflytting i noverande skuleår og for det komande skuleåret.
- Vi ordnar alt det praktiske i høve heimkommunen ved overflytting til oss.