Vil du bli vår nye kollega?
 
Vi søkjer etter ny
 
SFO-medarbeidar.

 
Arbeidsoppgåver:

  • samarbeid og koordinering med rektor, lærarar og anna relevant personale ved skulen
  • aktivitetsansvar for SFO
  • dagleg oppfølgingsansvar for kvart barn
  • innkjøp av mat og materiell som leiker og formingsmateriell
  • reinhald av lokala


Etter opplæringslova vert det kravd gyldig politiattest for å jobbe i SFO.

Arbeider du på SFO bør du vere omsorgsfull, omgjengeleg, vere god på samarbeid og med fokus på tydeleg og god leiing.

På Ulvestad barneskule kan ein typisk dag på SFO sjå slik ut:

 

En vanleg arbeidsdag startar klokka 07.00. Du tek då imot borna etterkvart som dei kjem, og gjer klart til skulefrukosten frå klokka 07.30. Elles skal det vere eit trygt og roleg klima der borna kan leike åleine eller saman, slappe av eller gjere andre kjekke aktivitetar. Om lag 08.30 skal borna vere klare for uteleik til det ringer inn 08.40. 

 

SFO opnar att klokka 13.30. Då kjem borna etterkvart som dei er ferdige på klasserom og i garderobe. Dei et då gjerne lunsj saman før aktivitetane tek til. Vi vil at borna skal vere ute så mykje som vêret tillet det uansett årstid, men i somme høve har vi også nytta gymsalen og/eller kjøkkenet om vi skal bake eller anna.

 

På ettermiddagen er SFO ope til klokka 17.00 dersom det er behov for det. Ofte blir dei fleste borna henta rundt klokka 16.00. Om den siste timen mellom klokka 16.00 og 17.00 er ledig nyttar du gjerne den til forefallande arbeid. 

 

Det er rektor som er leiar for SFO, så samarbeidet her er viktig. Rektor skal få tilbakemeldingar om alt som skjer på SFO som er relevant for skuledagen og den enkelte elev for oppfølging av denne og eventuelt heimen. Du handterer likevel ulike situasjonar som gjerne oppstår mellom borna sjølv, men kan tilkalle anna personale om du treng assistanse.

 

Du pliktar til å sette deg inn i ordensreglar, branninstruks og andre viktige dokument som er relevante for din jobb.

 

Stillingsprosenten på SFO kan variere mellom 50% og 60% etter tal på elevar og behova til desse. Det kan òg verte aktuelt å tilby timar som assistent i skulen. 

 

Har du spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med styreleiar Hans-Ivar Langvatn på telefon 918 52 575, eller rektor Bjørn Breivik på telefon 908 78 813.

 

Søknad med CV sendast til post@skulen.no snarast.