Ditt alternativ
- heilt gratis -



Ulvestad barneskule er ein privatskule som ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Den er open for alle å søkje seg til. I tillegg får elevar gratis skuleskyss både frå Volda sentrum og Vanylven. 


Vi stiller hjelpsamt opp om de vil ha ei omvisning eller svar på spørsmål.



Skuleplass hjå oss er gratis!

Læring - inne og ute


Å ta med læreboka ut gir nye perspektiv. Praktiske innslag, gjerne i samarbeid med lokale ressursar, gir ein meiningsfyld kvardag.

Venskap og samhald


Samhald og samarbeid mellom elevane er ein av grunnpilarane våre. Det er også viktig for oss at ein har aldersblanda grupper der ein hjelper og lærer av kvarandre.

Klatring

Trygge utfordringar


I trygge rammer gir vi elevane utfordringar og meistringsfølelse. Alt etter det enkelte barn sitt nivå.

Nærleik til naturen


For oss er det viktig å nytte naturen og nærområdet rundt oss. Elevane vil lære seg å respektere omverda - ikkje berre andre menneskje, men også naturen og miljøet.

Følg oss på Facebook!

  

 

 

VI VIL HJELPE DEG

Etter at de har levert søknad til oss, så tek vi oss av det praktiske vedrørande overføring frå heimkommunen. Vi vil også vere hjelpsame med å kartlegge skuleskyss.

I avsnittet "Om skulen" kan de lese meir!


MEISTRING


Borna skal dagleg få kjensla av meistring ved å få oppgåver og utfordringar som er tilpassa den enkelte sitt nivå og ved å vere deltakande i undervisninga både inne og ute.


MANGFALD


Skulen vil jobbe aktivt for at alle, uansett sosial, kulturell og religiøs bakgrunn,
skal møte kvarandre med openheit, respekt og toleranse.