Reglane for skuleskyss til oss fungerer slik:


  • Elevar på 2.-7. årssteget som bur meir enn 4 km frå skulen har krav på gratis skuleskyss.
    For elevar på 1. årssteg er grensa 2 km. Dette gjeld heile Volda kommune.


  • Skuleskyssreglane gjeld også for elevar som kjem med ferja. Det vil seie at alle elevar frå Volda vil ha gratis skuleskyss til Ulvestad barneskule. På ferja reiser dei saman med andre elevar og dei har oftast oppsyn av vaksne. Om morgonen går ferja kl. 07:50 frå Volda.


  • Elevar som kjem frå andre kommunar skal etter hovudregelen få dekt skuleskyss innad i heimkommunen til kommunegrensa. Etter endring av soneinndelinga i fylket (01.11.2023) vil likevel elevar frå Vanylven få gratis skuleskyss heilt fram til Ulvestad barneskule. 

  • Vi tek oss av det praktiske i høve innmelding av skuleskyss. Skuleskyss-bevis til elevar vert utlevert av oss.
21686336_1799425626963580_4144878559245411031_n_1799425626963580
Ferja
30264361_1873825822856893_838290606930848297_n_1873825822856893

 

Frå Volda er det 25 minutt med ferje til Lauvstad, og ein kort spasertur opp til skulen.


Frå Vanylven går det buss seks gonger kvar dag til Lauvstad, og skulen ligg like ved den siste busstoppen før ferjekaia.


Skuledagen er tilpassa rutetidene både når det gjeld ferje og buss. På ferja vil elevane som regel ha tilsyn av ein vaksen person.