Heim

Dei store stega - Den store gleda!

1


Ulvestad

barneskule

Ulvestad barneskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Den ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er gratis og open for alle å søkje seg til.


Det er i tillegg gratis skuleskyss etter gjeldande reglar frå både Volda sentrum og Vanylven.

2


SFO og leksehjelp

Ved Ulvestad barneskule får alle ved skulen (1.-7. trinn) tilbod om både SFO og leksehjelp!


SFO sine opningstidene er frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 17.00.

3


Kontakt

info

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!


Telefon:  700 55 233


Rektor, etter skuletid: 48 13 60 18


Epost:     post@skulen.no

Meistring


Borna skal dagleg få kjensla av meistring ved å få oppgåver og utfordringar som er tilpassa den enkelte sitt nivå og ved å vere deltakande i undervisninga både inne og ute.

SAMAN

Mangfald


Skulen vil jobbe aktivt for at alle, uansett sosial, kulturell og religiøs bakgrunn, skal møte kvarandre med openheit, respekt og toleranse.

VÅRT

Læring


Elevane vil frå tydelege vaksne få forståing for kva som vert forventa av dei, få oppmuntring og tilbakemeldingar på prestasjon i trygge omgjevnader.

ALLE

Velkomen til Ulvestad barneskule!



På desse sidene finn du informasjon om det svært varierte skuletilbodet vårt. Som eit alternativ til den offentlege skulen kan alle som ønskjer det, søkje plass her. Vi har elevar frå både Volda sentrum og Vanylven, og det er ingen som reiser åleine.


Vi stiller hjelpsamt opp om de vil ha ei omvisning eller svar på spørsmål. Det er berre å ta kontakt med oss!


Ønskjer du eit alternativ?

- Det får de her, og det er gratis!


Det er i tillegg fri skuleskyss etter gjeldande regelverk. Vi tek imot nye elevar gjennom heile skuleåret, og vi står klare for nettopp dykk. Det praktiske ordnar vi!



Søknadsskjemaet finn du her!