1


Ulvestad

barneskule

Ulvestad barneskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Den ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er gratis og open for alle å søkje seg til.


Det er i tillegg gratis skuleskyss etter gjeldande reglar frå både Volda sentrum og Vanylven.

2


SFO og leksehjelp

Ved Ulvestad barneskule får alle ved skulen (1.-7. trinn) tilbod om både SFO og leksehjelp!


SFO sine opningstidene er frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 17.00.

3


Kontakt

info

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!


Telefon:  700 55 233


Rektor, etter skuletid: 48 13 60 18


Epost:     post@skulen.no

Søknadsskjema for SFO


Vi gjer dykk merksam på at det etter endringar i Privatskulelova, er høve til å søke plass også for elevar ved andre skular. Vi gir plass til 1.-7. trinn!

Leksehjelp

På tysdagar og torsdagar etter skuletid, før SFO, tilbyd vi leksehjelp. Det er godt kvalifisert personale som har ansvaret for leksehjelpa.


Her får elevane den hjelpa dei ynskjer og/eller treng til heimearbeidet sitt  Leksehjelpa vil slik også vere ei støtte til foreldra.


Leksehjelpa er gratis og open for alle årstrinn.




Skulefritidsordninga

Ved skulen sitt SFO vert borna tekne godt imot av SFO-damene, Ingunn og Marie.


Her får alle ein mjuk start på dagen. Om ettermiddagen har vi eit variert tilbod, der leik og kreativitet har ein stor plass. Det er også her lagt vekt på dagleg uteaktivitet. Borna kan i tillegg få hjelp til lekser utover det vanlege leksehjelp-tilbodet.


SFO er open for alle klassetrinn!


Opningstida er frå kl. 07.00 til skulestart,

og frå skuleslutt til kl.17.00 kvar dag.

Her har borna moglegheit til:

Fri og organisert leik inne og ute

Mat

Stilletid

Aktivitet på kjøkenet

Handarbeid.

Leksetid for dei som ynskjer det

Turar i nærområdet


SFO-satsar for 2020/2021  pr. månad,

(10 månader, tilsvarande kommunale satsar):

SFO-plass

Pris

Matpengar

1-3 dagar pr. veke

1990,-

126,-

4 dagar pr. veke,

2150,-

126,-

5 dagar pr. veke

3100,-

210,-


Det er syskjenrabatt med 30 % for barn nr. 2, og 50 % for barn nr. 3 (og fleire).


I tillegg er det høve til å kjøpe enkelttimar ved behov. Satsen er kr. 135,- pr. time.