1


Ulvestad

barneskule

Ulvestad barneskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Den ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er gratis og open for alle å søkje seg til.


Det er i tillegg gratis skuleskyss etter gjeldande reglar frå både Volda sentrum og Vanylven.

2


SFO og leksehjelp

Ved Ulvestad barneskule får alle ved skulen (1.-7. trinn) tilbod om både SFO og leksehjelp!


SFO sine opningstidene er frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 17.00.

3


Kontakt

info

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!


Telefon:  700 55 233


Rektor, etter skuletid: 48 13 60 18


Epost:     post@skulen.no

Praktisk informasjon

  • Skuleplass hjå oss er gratis! 
  • Vi gir gratis skulefrukost kvar morgon (til dei som kjem til skulen før kl. 08.00)
  • Leksehjelp vert gitt til alle årstrinn.
  • Gratis varmt måltid minst ein dag i veka.
  • Alle får gratis skulefrukt kvar dag.
  • Skuleskyss er gratis om ein bur innan Volda kommune. Andre reglar dersom ein bur utanfor kommunegrensa. Sjå meir info lengre ned på denne sida.
  • Ved skuleskyss med ferja vil dei mindre borna få tilsyn av vaksne. Ein kan enkelt levere borna på ferjekaia i Volda klokka 07:50. Dei vil då ha tid til å ete frukosten sin ombord.
  • Elevar som kjem med buss vert tekne imot av tilsette ved haldeplassen om morgonen, og ein ventar også saman med dei til bussen kjem på ettermiddag.
  • SFO er open for alle årstrinn, og har pris etter kommunale satsar.
  • Vi har fem dagars skuleveke for alle!
  • Alle elevane våre får minst 20 t. symjeundervisning kvart år!
  • Skuleruta er den same som for den offentlege skulen.
  • Vi har kontinuerleg opptak gjennom heile året. Dette gjeld både søknader om overflytting i noverande skuleår og for det komande skuleåret.
  • Vi ordnar alt det praktiske i høve heimkommunen ved overflytting til oss.

Skuleskyss

Regelane for skuleskyss til oss fungerar slik:


  • Elevar på 2.-7. årssteget som bur meir enn 4 km frå skulen har krav på gratis skuleskyss. For elevar på 1. årssteg er grensa 2 km. Dette gjeld innanfor heile Volda kommune.


  • Skuleskyssreglane gjeld også for elevar som kjem med ferja. Det vil seie at alle elevar frå Volda vil ha gratis skuleskyss til Ulvestad barneskule. Dei mindre borna vil få tilsyn på ferja.


  • Elevar som kjem frå andre kommunar vil få dekka skuleskyssen innad i heimkommunen til kommunegrensa. Frå kommunegrensa til oss må ein normalt betale sjølve, men dersom de tek kontakt, kan vi informere betre om dette.

  • Vi tek oss av det praktiske i høve innmelding av skuleskyss til heimkommunen. Skuleskyss-bevis til elevar vert utlevert av oss.




Skulerute


Skuleruta vår er lik den offentlege skulen si.

For 2020-2021 ser den slik ut:

2020


Månad




August

Fyrste skuledag: Måndag 17. august

September


Oktober

Haustferie: Veke 41,  5.- 9. oktober

November


Desember

Siste skuledag før jul: Fredag 18. desember



2021


Januar

Fyrste skuledag: Måndag 4. januar

Februar

Vinterferie: Veke 8, 22. - 26. ferbruar.

Mars

Påskeferie: 29. - 5. april

April

Fyrste skuledag etter påske: Tysdag 6. april

Mai

Elevfri dag: Fredag 14. mai

Juni

Siste skuledag: Fredag 18. juni

Last gjerne ned skuleruta i PDF-format her: