Er du vår nye lærar og kollega?

Vår dyktige kontaktlærar går ut i fødselspermisjon frå hausten, difor søker vi etter

KONTAKTLÆRAR I 80% STILLING


for skuleåret 2021/22. Stillinga er eit vikariat med moglegheit for forlenging/fast stilling for den rette personen.


Du blir kontaktlærar for elevane på 1.-4. trinn, og vi ser etter ein engasjert, kreativ og fagleg sterk grunnskule- eller allmennlærar, gjerne med kontaktlærarerfaring.

Du har:

  • Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen
  • Formell utdanning i norsk og matematikk
  • Trygg framstillingsevne på nynorsk
  • Gode klasseleiingsferdigheiter og eit positivt elevsyn
  • Gjerne erfaring med byrjaropplæring
  • Ambisjonar på vegne av elevane

Erfaring frå, eller interesse for, fådelt skule er ein fordel. Vi ser for oss at du er ein sjølvstendig, strukturert, ansvarsmedviten og målretta lærar med godt humør. Du trivst i selskap med born og er ein naturleg formidlar.


Vi er stolte av å ha eit dokumentert svært godt skulemiljø som det er viktig for oss å bevare. Dette gjer at personlege eigenskapar og samarbeidsevner både med born og tilsette vil bli tillagt stor vekt i tilsetjinga.


Aktuelle kandidatar kan rekne med å bli kalla inn til intervju.
 

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Bjørn Breivik på telefon 908 78 813


Send søknad og CV til post@skulen.no innan 9. mai