1
Ulvestad
barneskule
Ulvestad barneskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Den ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er gratis og open for alle å søkje seg til.
Det er i tillegg gratis skuleskyss etter gjeldande reglar frå både Volda sentrum og Vanylven.
2
SFO og leksehjelp
Ved Ulvestad barneskule får alle ved skulen (1.-7. trinn) tilbod om både SFO og leksehjelp!
SFO sine opningstidene er frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 17.00.
3
Kontakt
info
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!
Telefon: 700 55 233
Rektor, etter skuletid: 48 13 60 18
Epost: post@skulen.no
Elevane og dei tilsette har så mange kjekke stunder at albumet kunne ha vore endå større, men litt frå skulekvardagen vår finn de likevel her.
I tillegg til vanleg undervisning inne, så er temaveker, uteundervisning eller tur ein dag i veka med på å gje variasjon. Det skapar ein unik trivsel og samhald mellom store og små.
Vi vil til slutt ta med desse to karane som syner oss at "kraft x arm" = veldig gøy.