1
Ulvestad
barneskule
Ulvestad barneskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Den ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er gratis og open for alle å søkje seg til.
Det er i tillegg gratis skuleskyss etter gjeldande reglar frå både Volda sentrum og Vanylven.
2
SFO og leksehjelp
Ved Ulvestad barneskule får alle ved skulen (1.-7. trinn) tilbod om både SFO og leksehjelp!
SFO sine opningstidene er frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 17.00.
3
Kontakt
info
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!
Telefon: 700 55 233
Rektor, etter skuletid: 48 13 60 18
Epost: post@skulen.no
På tysdagar og torsdagar etter skuletid, før SFO, tilbyd vi leksehjelp. Det er godt kvalifisert personale som har ansvaret for leksehjelpa.
Her får elevane den hjelpa dei ynskjer og/eller treng til heimearbeidet sitt Leksehjelpa vil slik også vere ei støtte til foreldra.
Leksehjelpa er gratis og open for alle årstrinn.
Ved skulen sitt SFO vert borna tekne godt imot av SFO-damene, Ingunn og Marie.
Her får alle ein mjuk start på dagen. Om ettermiddagen har vi eit variert tilbod, der leik og kreativitet har ein stor plass. Det er også her lagt vekt på dagleg uteaktivitet. Borna kan i tillegg få hjelp til lekser utover det vanlege leksehjelp-tilbodet.
SFO er open for alle klassetrinn!
Opningstida er frå kl. 07.00 til skulestart,
og frå skuleslutt til kl.17.00 kvar dag.
Her har borna moglegheit til:
Fri og organisert leik inne og ute
Mat
Stilletid
Aktivitet på kjøkenet
Handarbeid.
Leksetid for dei som ynskjer det
Turar i nærområdet
SFO-satsar for 2020/2021 pr. månad,
(10 månader, tilsvarande kommunale satsar):
SFO-plass | Pris | Matpengar |
1-3 dagar pr. veke | 1990,- | 126,- |
4 dagar pr. veke, | 2150,- | 126,- |
5 dagar pr. veke | 3100,- | 210,- |
Det er syskjenrabatt med 30 % for barn nr. 2, og 50 % for barn nr. 3 (og fleire).
I tillegg er det høve til å kjøpe enkelttimar ved behov. Satsen er kr. 135,- pr. time.