1


Ulvestad

barneskule

Ulvestad barneskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Den ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er gratis og open for alle å søkje seg til.


Det er i tillegg gratis skuleskyss etter gjeldande reglar frå både Volda sentrum og Vanylven.

2


SFO og leksehjelp

Ved Ulvestad barneskule får alle ved skulen (1.-7. trinn) tilbod om både SFO og leksehjelp!


SFO sine opningstidene er frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 17.00.

3


Kontakt

info

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!


Telefon:  700 55 233


Rektor, etter skuletid: 48 13 60 18


Epost:     post@skulen.no

Ulvestadbygda / Lauvstad

Foto: www.afoto.com   

Ulvestadbygda / Lauvstad ligg vakkert til mellom fjord og fjell på vestsida av Dalsfjorden i Volda kommune. Med tilhøyrande grender har vi omlag 350 innbyggjarar.


Bygda har eit rikt organisasjonsliv med korps, idrettslag, grendahus, kor, allidrett- og turngruppe, trimgrupper og mykje meir.

Fritidsaktivitetar

På fritida føregår det ei rekkje kultur og idretts-aktivitetar i bygningane som er opne for alle! Her er:


Bibliotek
Allidrett- og turngrupper for barn

Kulturskule for song, piano og korpsaspirant

Korøvingar for born og vaksne

Dametrim og herretrim

Volleyball

Fotball i ballbingen

Korpsøvingar og gruppeøvingar.



Det aktive bygdefolket har elles alle dei ulike arrangement som måtte finnast i ei bygd her. Alt frå korpskafé og 17.mai-feiringar til andre private tilstellingar. Saman med Vesttun er skulebygningane eit komplett kulturhus og grendahus i stadig god utvikling til glede for alle!



Frå skitrekket like ved skulen:

Nærmiljøet

Det er mange fine stader i området som vi besøkjer gjennom skuleåret. Nokre av desse stadane ser de her. I tillegg har vi hatt fleire turar til Vanylven, Volda, Herøy og Ulsteinvik.




Småbåthamna

Ulvestadsetra.

Espenakken

Fjøra på Sætre