1


Ulvestad

barneskule

Ulvestad barneskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Den ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er gratis og open for alle å søkje seg til.


Det er i tillegg gratis skuleskyss etter gjeldande reglar frå både Volda sentrum og Vanylven.

2


SFO og leksehjelp

Ved Ulvestad barneskule får alle ved skulen (1.-7. trinn) tilbod om både SFO og leksehjelp!


SFO sine opningstidene er frå 07.00 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 17.00.

3


Kontakt

info

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!


Telefon:  700 55 233


Rektor, etter skuletid: 48 13 60 18


Epost:     post@skulen.no

Om skulen

  • Vi tilbyr ein skulekvardag som legg vekt på praktiske innslag i undervisninga, gjerne i nært samarbeid med lokale krefter.


  • Vi er eit godt alternativ til den offentlege skulen, tufta på tradisjonelle, kristne verdiar.


  • Vi nyttar i stor grad uterommet i undervisninga gjennom heile året, organisert både som temaveker, turdagar og prosjektarbeid.


  • Skulebygninga framstår som moderne og inneheld alle dei fasilitetar ein ventar å finne på ein god skule. Eit tilhøyrande stort grendahus og ein gymsal gjev oss god plass til alle aktivitetar vi har inne.


  • Under Praktisk Info og dei andre sidene i menyen kan de sjå meir om det daglege tilbodet vårt.

Kjerneverdiar

Uteområdet

Uteområdet er rikhaldig med ballbinge, sandkasse, reier og ulike installasjonar. I tillegg får skulen nytte skitrekket og oppkøyrde skiløyper i umiddelbar nærleik til skulen.



I gangavstand frå skulen finn vi både gapahukar og den nybygde lavvoen vår, som stod ferdig i januar 2015. Vi har elles alt av det flottaste naturen kan by på kring oss, og det nyttar vi med stor glede.

  • Å ta barnet på alvor.
  • At barnet skal respekterast og lære å respektere andre.
  • Fokus på å utvikle konsentrasjonsevne, sjølvstende, tru på seg sjølv og tillit til andre.
  • Stort fokus på samarbeid og samspel.
  • Å gje elevane individuelle val.
  • Ein lærar som er tilretteleggar, inspirator og rettleiar.
  • Godt samarbeid med foreldra er grunnlaget for ein god skule.

IKTutstyr

I tillegg til nye lærebøker har vi alt av teknisk utstyr som Ipad til alle og Smartboard. Vi nyttar gode program både for læring og spesialprogram for språkopplæring. Elevane har også tilgong til ei eiga elevside på internett, der vekeplanar, bilete og anna nyttig informasjon vert lagt ut.

Selskapet som står bak skuledrifta er i si heilheit eigd av foreldre og innbyggjararar i Volda kommune. Vi er eit frittståande selskap som ikkje er knytt opp til andre organisasjonar.

 

Det er om lag 70 heimar som har teikna partar, der ein fekk inn kr.150.000 i aksjekapital. Altså langt over det som er påkrevd.


Det er ikkje høve til å drive skulen med overskot eller ta ut utbytte. Alt overskot skal førast tilbake til skuledrifta som igjen skal kome elevane til gode.

Styret for Ulvestad barneskule:


Styreleiar:

Hans Ivar Langvatn - epost: styret@skulen.no


Styremedlemmar:

Kristin Nygård, Lars Olav Drabløs, Cecilie H. Dale og Ingrid Balsnes.


Dagleg leiar og rektor:

Bjørn Breivik - epost: bjorn.breivik@skulen.no

Vedtekene våre

Inntaksreglane